-
Dans på Stryn Omsorgsenter
Stryn frivilligsentral samarbeider med Stryn Røde Kors Omsorg om dans kvar 14. dag på Stryn Omsorgssenter. Fjellom og Anders Magne Vik spelar opp til dansen. Dansen er open for alle og du er velkommen.
Internasjonal Gruppe
Aldersgruppe: For alle
Vi møtest fredagar i Triangelen kl 12.00 til 14.00 for god prat og kaffi. Nokre steller i hagen, andre strikkar og lagar mat.
Del på:
-
Dataklubb i Triangelen
Om du vil lære å nytte pc, nettbrett smarttelefon, kan du kome på Triangelen kvar onsdag kl 13.00. Der vil frivillige hjelpe deg med det du treng. Dataklubben er ein sosialmøteplass, vi har kaffi og noko å bite i.Vi er knytt til Seniornett, men det er ikkje nødvendig å vere medlem for å vere med. Dataklubben er gratis!
-
Turgruppa i Trianglen
Turgruppa møter kl 12.00 kvar Tysdag i Triangelen og går tur i ein time saman. Etterpå har vi kaffi og vafler i kafeen.