-
Aktivitetsklubben for barn i grunnskulen
Vi kjem sammen for å leike og lage ting. Følg med på facebook
Mimregruppe Innvik
For personar som utviklar demens er det viktig å få hjelp til å ta vare på minnet.Her gjer mimregruppa i Vikane ein kjempe innsats for å hjelpe med dette. Dei møtest regelmessig, for å snakke om og minnast tema om eldre tid. Barne år-ungdom og samfunnsliv før. I gruppa syng dei og saman.
Del på:
-
Dans på Stryn Omsorgsenter
Stryn frivilligsentral samarbeider med Stryn Røde Kors Omsorg om dans kvar 14. dag på Stryn Omsorgssenter. Fjellom og trekkspelgruppa spelar opp til dansen. Dansen er open for alle, du er velkommen.
-
Dataklubb i Triangelen
Om du vil lære å nytte pc, nettbrett smarttelefon, kan du kome på Triangelen kvar onsdag kl 13.00. Der vil frivillige hjelpe deg med det du treng. Dataklubben er ein sosialmøteplass, vi har kaffi og noko å bite i.Vi er knytt til Seniornett, men det er ikkje nødvendig å vere medlem for å vere med. Dataklubben er gratis!
-
Turgruppa i Trianglen
Turgruppa møter kl 12.00 kvar Tysdag i Triangelen og går tur i ein time saman. Etterpå har vi kaffi og vafler i kafeen.