-
Dans på Stryn Omsorgsenter
Stryn frivilligsentral samarbeider med Stryn Røde Kors Omsorg om dans kvar 14. dag på Stryn Omsorgssenter. Fjellom og trekkspelgruppa spelar opp til dansen. Dansen er open for alle, du er velkommen.
Aktivitetsklubben for barn i grunnskulen
Vi kjem sammen for å leike og lage ting. Følg med på facebookAldersgruppe: 7 til 15 år
Aktivitetsklubben er i gang igjen, etter ein sommar med mange besøk i Hydlaparken. Dette for å ikkje vere i risikosona for smitte. No går vi i hus og vi forsette å følge FHI sine rettningslinjer mot smitte av Korona virus, derfor må vi legge om litt på korleis vi arrangerer. Vi har no søkt Equinor om støtte slik at vi kan gå på kino ein gong før jul. Vi håpar på positivt svar!
Del på:
-
Dataklubb i Triangelen
Om du vil lære å nytte pc, nettbrett smarttelefon, kan du kome på Triangelen kvar onsdag kl 13.00. Der vil frivillige hjelpe deg med det du treng. Dataklubben er ein sosialmøteplass, vi har kaffi og noko å bite i.Vi er knytt til Seniornett, men det er ikkje nødvendig å vere medlem for å vere med. Dataklubben er gratis!
-
Turgruppa i Trianglen
Turgruppa møter kl 12.00 kvar Tysdag i Triangelen og går tur i ein time saman. Etterpå har vi kaffi og vafler i kafeen.