Ønskjer du at fleire barn og unge skal få ei meiningsfull fritid i eit inkluderande fellesskap?
Stryn kommune inviterer til ein ALLEMED-dugnad 25.april, i Stryn kulturhus kl 16.30-19.00. Vi treng at ALLE lag og organisasjonar, eldsjeler, og alle som bryr seg om unge si fritid deltek! ALLE MED-dugnad er ein tverrfagleg workshop der vi saman brukar dialogverktøyet ALLEMED for å lære av kvarandre og finne løysingar på korleis vi i fellesskap kan jobbe for å få alle barn og unge med på fritidsaktivitetar.
ALLEMED er eit gratis verktøy utvikla for å auke merksemd om utanforskap blant barn og unge, og for å sikre inkluderande arbeid for å få alle med. Det er vi som møter barna og familiane, som kan oppdage barrierar for deltaking og bygge bruer inn i fritidsaktivitetar. Ved å jobbe saman på tvers av fag og sektorar, kan vi i fellesskap sikre at alle barn og unge får oppfylt sin rett til leik og fritid. Skal alle barn ha moglegheit til å delta jamleg i fritidsaktivitetar, må kommune og frivilligheit gjere ein innsats kvar for seg og saman. Difor er det viktig med dialog for at ein har ei felles forståing for kva utfordringar og barrierar som finst for deltaking. Vi treng også å bli kjent med dei lokale ressursane våre for å jobbe målretta mot eit meir inkluderande samfunn!
ALLEMED jobbar for å nå målet i fritidserklæringa som er at alle barn, uavhengig av foreldra sin sosiale og økonomiske situasjon, skal ha moglegheit til å delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet. For å nå målet, må dei gode kreftene som er rundt barnet gjere ein felles innsats. Alle barn har rett til ein god oppvekst med ei meiningsfull fritid, der dei får oppleve meistring, og høyre til i eit fellesskap. Forsking og statistikk viser at det er mange barn som ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar på grunn av ulike barrierar, blant anna kan økonomi, manglande informasjon, eller utilgjengelegheit vere årsakar til fråfall i aktivitetstilbod.
Stryn kommune oppmodar deg til å ta alle dine hattar på
og kome på dugnad i kulturhuset 25. april kl 16.30.
Ein representant frå ALLEMED nasjonalt kjem for å leie oss gjennom dugnaden.
Ønskjer du gratis middag må du melde deg på innan fristen fredag 21. april.
Gje beskjed om allergiar eller andre behov ved påmelding.
Det er og høve til å møte opp utan påmelding. Det vert enkel servering av kaffi og frukt.
Meld deg på til: maria.ulvedal@stryn.kommune.no