Tirsdag 12 Mars 2019
Kl. 12:30 - 15:30, Stryn Kulturhus
Jubileumsforedrag med Henrik Syse
Stryn Frivilligsentral 20 år

I høve Stryn Frivilligsentral sitt 20 års jubileum i 2019  inviterer vi innbyggarne i kommunen til fest i Stryn Kulturhus 12. mars.  (sjå annonse) Vi har invitert Henrik Syse til Stryn. 

Henrik Syse er forskar, forfattar og filosof ved institutt for fredsforsking. (PRIOR) Han foreles også ved Bjørknes høgskule og er ein etterspurt foredragsholdar og kursleiar i inn og utland. Han har vore medlem i Nobelkomieèten i 4 år og foredraget vil handle om «tankar frå eit nobelkomitèmedlem om den verden vi lever i» Der vil han fokusere på fred, verdiar og etikk.

Styret i Stryn Frivilligsentral er svært glade for at Henrik Syse vil besøke Stryn i høve vårt Jubileum.

Frivilligheten er tufta på å bygge gode relasjonar og møter mellom menneske, derfor er fordraget midt i blinken for vårt arbeid.

Det er og ei stor glede at barn frå Stryn Kulturskule vil bidra til festen med musikalske innslag.

Stryn og Hornindal Pensjonistlag er medarrangør på arrangementet.

Vi avsluttar med kaffi og kake.

Hjerteleg velkommen til alle, frå styret og daglegleiar i Stryn frivilligsentral.

2025 © Stryn Frivilligsentral