Onsdag 3 April
Kl. 19:00 - 21:00, Urdabrunn
Framtidsmøte i Utvik
Har du tenkt på korleis samfunnet i Stryn skal vere i framtida? Som innbyggjar får du no moglegheita til å påverke samfunnsdelen av den nye kommuneplanen. For å bli den kommunen vi ønskjer å vere, må vi ha nokre mål og planar å strekke oss etter.

Kommuneplanen legg grunnlaget for korleis vi ønskjer å ha det i framtida. Den inneheld tema som er viktige for oss i vår kommune. Målet er at vi i fellesskap skal skape framtida for Stryn kommune. 

 

Kvifor er kommuneplanen sin samfunnsdel viktig for meg?

Kommuneplanen er viktig for deg som innbyggjar fordi den legg rammene for alle tenester Stryn vil tilby dei neste åra. Til dømes kva for slags fritidsaktivitetar og kulturtilbod kan vi tilby i framtida? Korleis vil dine foreldre eller besteforeldre ha det på sjukeheim? Korleis vil du bu i framtida? Og korleis kan vi få nye arbeidsplassar, innbyggarar, studentar og besøkande hit?

 

Framtidsmøte

På framtidsmøte håpar vi å få innspel frå deg. Her skal vi diskutere utfordringar og moglegheiter for kommunen og plassen der du bur, jobbar og lever. Det vi kjem fram til her, skal nyttast til arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel for å setje mål for framtida, samt strategiar på korleis vi skal nå måla.

2024 © Stryn Frivilligsentral