I tillegg til å vise støtte, går halvparten av deltageravgifta rett til brystkreftsaka. Inntektene frå aksjonen går til forsking på brystkreft slik at fleire kan overleve og at fleire får best mogeleg livskvalitet etter brystkreftbehandling.
Det vert lagt opp til to ulike løyper – ei på ca. 3km og ei på ca. 6km. Begge har start og slutt ved Urdabrunn. Det er litt motbakkar i begge løypene. Løypa på 3km kan ein fint ha med barnevogn/rullestol i. Barnevogn kan også gå på 6km løypa, men eit lite parti som er litt «tungvint».
Gjerne meld deg på innan 1. oktober. Då rekk startnummer og medalje å bli sendt til oss, slik at du kan få det utdelt på løpsdagen. Om ikkje vil du få det tilsendt i etterkant.
Påmelding finn du her:
https://www.rosasloyfelopet.no/ild…/rosa-sloyfe-lop-utvik-2/
Alle under 18 får 100kr rabatt ved bruk av koden «UNG» ved påmelding!