Søndag 14. september 2025 kl. 15:00
Lørdag
13
September
Praktisk informasjon:
Laurdag 13. september 2025 - Start i Olden sentrum mellom Bunnpris og Yris Kafe.
Trimklasse utan tidtaking: kl 11:00 - 12:00
Løp J/G 13-14 år og klasse 80 år+: kl 12:30
Løp 15 år+ og sykkel 17 år+: kl 13:15
Kl. 11:00, Olden sentrum
Skarsteinsetra opp 2025!
Skarsteinsetra Opp er ein motbakkekonkurranse som vart arrangert første gang i 2011. Her startar løpar og syklist samtidig i Olden sentrum og konkurrerer om å kome først opp til Skarsteinsetra. Dette gjev mange spennande duellar mellom desse. Trimklassen har rom for alle og det er mange som går med barnevogn. Trimklassen har god deltaking, og dette bidreg til feststemning i målområdet. Målgang er på idylliske Skarsteinsetra, som kan skilte med ei av dei finaste utsiktene i området.
Løypa er 4,6km med ein høgdeskilnad på 400m. Starten er i Olden sentrum. Deretter går løypa omlag 2km på asfalt. Dei resterande 2,6km er på grusveg og skogsveg. Det er spurtpris i Skarsteinstunet etter 1,2km og mellomtid på Gildestad etter 2,8 km. Løypa er godt merka og kjent for sine mange og underhaldande sponsorskilt. Sponsorane kjøper motbakkar og navngir desse.
Trimklasse. Konkurranseklasse løp frå 13 år, sykkel frå 17 år.
Pengepremiar for løyperekord dame og herre, samt beste tid gut, jente, dame og herre. Spurtpris.