Torsdag 5 Februar
Kl. 15:30 - 17:00, Strynehallen
Open hall for vaksne i Strynehallen
Førebels kalender Veke 4–6: Volleyball (ja, du får lov å berre serve) Veke 7–9: Innebandy (stikkord: mjuke køller og god stemning) Følg med på kalenderen på istryn.no for oppdatert aktivitet. Kvifor gjer vi dette? For å gjere det enklare å vere aktiv etter jobb For å skape ein uformell møteplass på tvers av arbeidsplassar For betre folkehelse, meir trivsel og eit rausare fellesskap For å styrke samarbeidet – både i kommunen og rundt om i næringslivet For å senke terskelen for vaksne som vil bevege seg litt meir (eller i det minste late som) Velkomen! Vi håpar Strynehallen blir ein plass der latter, bevegelse og gode folk møtest. Del gjerne invitasjonen vidare til kollegaene dine – dess fleire som dukkar opp, dess betre unnskyldning har du for å svette litt! 🏐😄
2026 © Stryn Frivilligsentral