Søndag 15 November
Kl. 18:00, Hornindal kyrkje
PEDER GALD I ORD, BILETE OG TONAR
Vi håpar mange finn vegen til Hornindal kyrkje søndag 15.november kl 1800.

Saman med forteljar Arne M. Sølvberg og trekkspelar Håvard Svendsrud kjem Ensemble NordLys frå Gloppen med framsyninga «Peder Gald – lausungen frå Blakset som vart skipskommandør i Amerika».

Gjennom Arne M. Sølvberg si levande forteljing, stemningsfulle bilete på storskjerm og eit variert musikalsk uttrykk får publikum kome tett på både mennesket Peder Gald og den fascinerande livshistoria hans

Det blir billettsal i døra, men det kan vere lurt å sikre seg billettar på førehand:

Hornindal kyrkje 15. november kl. 18.00 billettar 

2026 © Stryn Frivilligsentral