I samband med Frivilligåret 2022 inviterer Norges Frivilligsentraler heile landet til å bli med på sykkeltur gjennom Noreg, frå 21. mai til 15. august 2022.
22. juni 2022 kjem Sykkelturen til Nordfjord.
Frivilligsentralane i Nettverk Nordfjord er no i gang med å planlegge denne dagen, og vi vil ha med breidda av frivillige i heile Nordfjord og alle Nordfjordkommunane i markeringa.
22. – 28. juni er det Vestland som er i fokus. Det er vi her i Nordfjord som får æra av å starte markeringa i Vestland fylke 22. juni.
Sykkelruta og festivalen er lagt midt i Nordfjord.
Her skal det både syklast og arrangerast tidenes første? Nordfjord Frivilligfestival.
Vi håpa på å få med flest mogleg og mest mogleg av aktivitetar, tilbod og folk.
Her er ein muligheit å viser breidda i det vi har i Nordfjord av livskvaliteten som blir skapt av blant frivilligheita og engasjement i sitt lokalsamfunn.
Litt meir om sykkelturen : (10 km)
Etappe 33, sykkelruta i Nordfjord går frå Klenkarberget Sommercamp, Hauane til Nordfjord frivilligfestival i Eksersisplassen på Nordfjordeid. (Malakoff).
Vi møter på Klenkarberget kl.12.00 . Etter litt aktivitetar, mingling og oppvarming startar vi å sykle mot Nordfjordeid sentrum.(kl. 13.00)
Første stopp blir oppom Operahuset. Deretter syklar vi innom Hogatunet bufelleskap.
Vegen går vidare mot Stad rådhus.
Ca kl. 14.10 sykla og får vi i folketog igjennom sentrum og videre til tidenes første Nordfjord Frivilligfestival.
Meir informasjon om ruta og klokkeslett finn du på www.sykkelturen2022.no