Hugs å stille klokka!

Natt til søndag 27.10 skrur vi klokka tilbake ein time

Ein hugseregel mange brukar for kva veg vi skal stille klokka er at vi tek hagemøblane fram om våren og setter dei tilbake om hausten. Andre seier at vi ønsker oss tilbake til sommaren om hausten, og at vi lengtar fram mot sommar om våren. 

Omtrent 60 % av landa i verda brukar ikkje sommartid. Det betyr at dei brukar det som vi kallar vintertid, men som dei ofte kallar standardtid eller normaltid, heile året. Fordi skilnaden på dagens lengde er så liten i områda ved ekvator, er det vanleg at tropiske områder kun brukar standardtid.

Sommartid vart innført for å utnytte dagslyset betre. Ideen er å flytte klokka fram ein time om våren, slik at vi får meir lys på kveldane, noko som kan bidra til redusert energiforbruk og gje folk meir tid til utandørsaktivitet.

Opprinnelig vart sommertid implementert under første verdskrig for å spare energi. I dag er det framleis debatt om det faktisk gjer betydelege fordeler, og nokon stadar har ein begynt å vurdere å avskaffe det heilt.

 

2024 © Stryn Frivilligsentral