Rosa sløyfe-aksjonen – saman mot brystkreft

Rosa sløyfe er en internasjonal folkebevegelse som markerast over heile verda i oktober kvart år, og i Norge er det Brystkreftforeininga og Kreftforeininga som står bak aksjonen.

Kunnskap og håp

Kvart år løftar aksjonen fram eit spesielt tema. Det kan handle om tidleg oppdaging, genetikk, behandling eller oppfølging etter sjukdom, i år set vi fokus på at unike kvinner treng unik oppfølging. Målet er å spreie kunnskap, redusere tabu og gi håp til alle som på ein eller annan måte er ramma.

Slik kan du bidra

  • Kjøpe og bere den rosa sløyfa

  • Delta på lokale arrangement, som rosa-løp, konsertar eller temakveldar

  • Gje ei gåve til forsking

  • Dele informasjon og vere med på å bryte stillheit rundt brystkreft

Ein aksjon som rører oss alle

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant kvinner i Noreg. Samstundes overlever fleire enn nokon gong takka vere forsking, tidleg diagnostisering og betre behandling. Rosa sløyfe-aksjonen minner oss om at kampane blir vunne saman – og at håpet alltid er rosa

Inntektene frå aksjonen går til forsking på brystkreft slik at fleire kan overleve, og at fleire får best mogleg livskvalitet etter brystkreftbehandling.

Tidlegare var brystkreft ofte knytt til tabu og frykt, og vi er stolte over at Rosa sløyfe har bidrege til meir openheit og kunnskap om brystkreft – i tillegg til å ha vore med på den utrolige utviklinga som har skjedd innan forsking på brystkreft.

Forskarane gjer heile tida små og store oppdagingar som vil kome brystkreftpasientar – og andre kreftpasientar – til gode. Det er desse forskarane og arbeidet deira vi ønskjer å støtte gjennom Rosa sløyfe-aksjonen.

Du kan lese meir om kva pengane har gått til, og om dei ulike prosjekta som har fått tildelt midlar frå aksjonen.

2025 © Stryn Frivilligsentral