-
Oppsummering frå møte
Etter 5 møter med frivillege lag og organisasjonar, har vi laga ei oppsummering av tilbakemeldingane vi fekk. 46 personar møtte på denne turneen. Det var eit stort engasjement på alle møtene, og vi har fått nyttige tilbakemeldinger på korleis de som engasjerte sambygdingar har det, og korleis de tenker frivillighet.
Har du kasta ut jula alt?
Når skal julepynten og nissane ryddast vekk? Kvart år, når dei siste kakene er etne og kvardagen sakte men sikkert vender tilbake, kjem det same spørsmålet: Når skal eigentleg jula ryddast ut? Svaret har variert gjennom tidene – og gjer det framleis – alt etter tradisjon, livssyn og moderne tid.Gamle tradisjonar: Jula varer til trettandedagen
I eldre norsk tradisjon var jula ei lang høgtid. Ho starta med julekvelden 24. desember og varte heilt til trettandedagen, 6. januar. Denne dagen markerer openberringa, då dei vise menn kom fram til Jesusbarnet, og vart rekna som avslutninga på julehøgtida i kyrkjeleg samanheng. I mange heimar var det vanleg å la juletre, pynt og lys stå til denne dagen. Nokre stader vart det til og med halde eigne «trettandagslag», der jula vart feira ein siste gong før kvardagen tok over for alvor.
I folketrua fanst det òg åtvaringar mot å vere for sein. Å ha jula framme for lenge kunne bringe ulykke, og nokre meinte det var direkte respektlaust å blande julepynt og kvardagsliv for lenge. Samstundes vart det sett på som dårleg skikk å rydde bort jula for tidleg – då kunne ein risikere å jage julefreden ut av huset.
20. dag jul
20. dag jul, 13. januar, har tradisjonelt markert den endelege avslutninga på juletida mange stader. Då skulle julepynt og juletre ryddast bort – ein bar jula ut, som det ofte heiter. Andre stader har ein brukt uttrykket å jage jula ut. Dagen vart tidlegare kalla St. Knut, og det gav opphav til det velkjende ordtaket: «Tjuande dag Knut, jagar jula ut!»
Denne dagen sette eit tydeleg punktum for julefeiringa i folkeleg tradisjon, og markerte overgangen frå høgtid til kvardag.
Moderne tankar
I dag er det færre som let seg styre av faste datoar. Mange ryddar ut jula allereie rett over nyttår, ofte når kvardagen med jobb, skule og barnehage startar opp att. For nokon kjennest det godt å starte det nye året reint og ryddig – både fysisk og mentalt.
Andre vel å la jula vare litt lenger, nettopp for å halde på lys, varme og ro i ein mørk vintermånad. Her handlar det mindre om tradisjon og meir om trivsel.
Så – kva er rett?
Det enkle svaret er: Det finst ingen fasit. Vil du følgje tradisjonen, er trettandedagen eit godt og historisk forankra val. Vil du vere ekstra tru mot gammal skikk, kan du vente til 20.dag .
Uansett tidspunkt kan julepynten ryddast bort med takksemd for det som har vore – og med blikket vend mot lysare dagar som kjem.
Del på:
-
Vår dag
Bli med å feire frivillegheitas år, med å markere di hending i "Vår dag"
-
Frivillighetens år 2022
Vi feirar frivillegheita sitt år- 2022!
-
Frivilligsentralane i Nordfjord invitera til NORDFJORD FRIVILLIGFESTIVAL & SYKKELTUREN 2022
Har du, ditt lag/organisasjon lyst å vere med å feire frivillighetens år? Bli med på sykkelturen og Nordfjord frivilligfestival 22.juni. Les meir og sjå korleis du som frivillig/organisasjona/kommune eller næringsliv kan vere med!
-
Sigmund har kjørt mat i 17 år
Sigmund Tunold har vore frivilligmatkøyrar i 17 år for Stryn kommune. I februar får han takk frå Frivilligsentralen. Heldivis så forset Sigmund som frivillig på dansen på Vikane omsorgsenter. Takk Sigmund for hjelpa di i alle desse åra.