Tilskotsordning: ABC i Stryn – samhandling for god psykisk helse

Stryn kommune lyser ut tilskotsmidlar til frivillige lag og organisasjonar gjennom satsinga ABC i Stryn – samhandling for god psykisk helse. Ordninga skal bidra til betre psykisk helse, inkludering og fellesskap i lokalsamfunnet.

Stryn kommune har motteke 150 000 kroner i tilskot frå Vestland fylkeskommune til formålet.


ABC-modellen

Tiltaka skal byggje på ABC-modellen for god psykisk helse:

A – Gjer noko aktivt

B – Gjer noko saman

C – Gjer noko meiningsfullt


Fristar:

Søknadsfrist: 28. januar 2026

Tiltaket må vere gjennomført innan 15. juni 2026


Kven kan søkje?

Frivillige lag, foreiningar og organisasjonar i Stryn kommune som tilbyr aktivitetar retta mot éi eller fleire av desse målgruppene:

  • Barn og unge (6–16 år)
  • Ungdom og studentar (14–25 år)
  • Eldre (65+)
  • Minoritetar
  • Låginntektsfamiliar
  • Personar med funksjonsnedsetting
  • Nybakte foreldre
      

Kva tiltak kan få støtte?

Vi gir støtte til tiltak som:

  • fremjar aktivitet, fellesskap og meining
  • skaper inkluderande møteplassar
  • bidreg til å redusere utanforskap
  • legg til rette for samarbeid mellom frivillig sektor og lokale aktørar
  • er opne og tilgjengelege for målgruppene
  • kan gjennomførast innan 2026
      

Døme på tiltak kan vere

men er ikkje avgrensa til:

  • fellesarrangement
  • opne aktivitetstilbod
  • kurs og verkstader
  • generasjonsmøte
  • aktivitetsgrupper
  • kultur- og friluftsprosjekt


Kva kan det søkjast om?

Tilskot kan dekke:

  • utstyr og forbruksmateriell til aktivitet
  • gjennomføring av arrangement
  • transport og tilrettelegging
  • opplæring av frivillige
  • marknadsføring/informasjon
  • andre kostnader direkte knytt til tiltaket


 Det vert normalt ikkje gitt støtte til:

  • ordinær drift
  • lønn/stillingar (utanom kortvarig instruksjon eller honorar)


Trykk HER for å kome til skjemaet

2026 © Stryn Frivilligsentral