-
Oppsummering frå møte
Etter 5 møter med frivillege lag og organisasjonar, har vi laga ei oppsummering av tilbakemeldingane vi fekk. 46 personar møtte på denne turneen. Det var eit stort engasjement på alle møtene, og vi har fått nyttige tilbakemeldinger på korleis de som engasjerte sambygdingar har det, og korleis de tenker frivillighet.
Bur det ein barnehagelærar/lærar i deg?
Velkommen til informasjonsmøte om barnehage- og grunnskulelærarutdanning og vidareutdanningar for barnehagelærarar og lærarar!Er du interessert i å jobbe med barn og unge?
Er du nysgjerrig på kva som skal til for å bli lærar eller barnehagelærar?
Kommunane i regionen og HVL (Høgskulen på Vestlandet) inviterer til informasjon og dialog.
Møt opp:
Nordfjordeid Operahuset
Tysdag 03.03.26
18:00 – 20:00
Eller:
Florø: Florø kulturhus
Onsdag 04.03.26
18:00 – 20:00
Agenda:
- Kommunane fortel om sine behov for å rekruttere lærarar og barnehagelærarar, og kva vi tilbyr pedagogar i barnehagane og grunnskulane som vert tilsett.
- Studierettleiarar informerer om Høgskulen på Vestlandet (HVL) sine studietilbod, og moglegheit til å utvikle tilbod saman med kommunen (kommunane i regionen).
Kom gjerne på møtet om du:
- Er elev i vidaregåande skule og vurderer å ta høgare utdanning som lærar
- Er vikar i skule eller barnehage
- Er ufaglært medarbeidar i skule eller barnehage
- Har familie og kanskje jobb, og likevel har lyst til å ta utdanning
- Manglar studiepoeng for fullført utdanning
- Har utdanning frå utlandet og ønskjer godkjent utdanning for læraryrket i Noreg
- Er tilsett i kommunen og ønsker vidareutdanning
- Er leiar eller rådgivar i skulen eller barnehagen
- Er nysgjerrig og vil lære meir
Påmelding her: PÅMELDING
Del på:
-
Vår dag
Bli med å feire frivillegheitas år, med å markere di hending i "Vår dag"
-
Frivillighetens år 2022
Vi feirar frivillegheita sitt år- 2022!
-
Frivilligsentralane i Nordfjord invitera til NORDFJORD FRIVILLIGFESTIVAL & SYKKELTUREN 2022
Har du, ditt lag/organisasjon lyst å vere med å feire frivillighetens år? Bli med på sykkelturen og Nordfjord frivilligfestival 22.juni. Les meir og sjå korleis du som frivillig/organisasjona/kommune eller næringsliv kan vere med!
-
Sigmund har kjørt mat i 17 år
Sigmund Tunold har vore frivilligmatkøyrar i 17 år for Stryn kommune. I februar får han takk frå Frivilligsentralen. Heldivis så forset Sigmund som frivillig på dansen på Vikane omsorgsenter. Takk Sigmund for hjelpa di i alle desse åra.