-
Oppsummering frå møte
Etter 5 møter med frivillege lag og organisasjonar, har vi laga ei oppsummering av tilbakemeldingane vi fekk. 46 personar møtte på denne turneen. Det var eit stort engasjement på alle møtene, og vi har fått nyttige tilbakemeldinger på korleis de som engasjerte sambygdingar har det, og korleis de tenker frivillighet.
Hovudluskampanje 7. og 8. mars
I veke 10 i 2026 blir den årlege hovudluskampanjen gjennomført over heile landet.Målet med kampanjen er enkelt: Alle føresette blir oppmoda til å sjekke barna sine for hovudlus same helg. Når mange sjekkar samtidig, er det lettare å oppdage og behandle lus raskt – og slik hindre vidare smitte. Det er viktig å sjekke jamleg for lus. Mange har lus utan å merke det. Sjekk særleg når du mistenkjer lus, det er lus i omgangskrinsen, og ved hovudluskampanjar. Oppdagar du lus, bør du kome raskt i gang med behandling.
Lusesjekk i fuktig hår:
- Fukt håret og bruk gjerne balsam.
- Legg eit kvitt handkle over skuldrene.
- Bruk lusekam.
- Ver systematisk og grei nøye gjennom alt håret frå hovudbotnen og ut til hårtuppane.
- Tørk av kammen jamleg på eit papir for å sjå etter lus. Etter eit par minutt vil du sjå om eventuelle lus rører på seg.
- Sjekk også både handkle og kam for lus og egg.
- Bruk gjerne forstørringsglas og godt lys. Då er det enklare å få auge på både lus og egg.
Lusesjekk i tørt hår
Lat den som blir greidd stå bøygd over eit stort kvitt ark. Grei frå hovudbotnen og ned mot arket. Sjekk både arket og kammen for lus og egg.

Dersom du finn levande lus, start behandling med ein gong og informer skulen eller barnehagen. Barn kan gå på skule og i barnehage dagen etter at behandling er starta.
Del på:
-
Vår dag
Bli med å feire frivillegheitas år, med å markere di hending i "Vår dag"
-
Frivillighetens år 2022
Vi feirar frivillegheita sitt år- 2022!
-
Frivilligsentralane i Nordfjord invitera til NORDFJORD FRIVILLIGFESTIVAL & SYKKELTUREN 2022
Har du, ditt lag/organisasjon lyst å vere med å feire frivillighetens år? Bli med på sykkelturen og Nordfjord frivilligfestival 22.juni. Les meir og sjå korleis du som frivillig/organisasjona/kommune eller næringsliv kan vere med!
-
Sigmund har kjørt mat i 17 år
Sigmund Tunold har vore frivilligmatkøyrar i 17 år for Stryn kommune. I februar får han takk frå Frivilligsentralen. Heldivis så forset Sigmund som frivillig på dansen på Vikane omsorgsenter. Takk Sigmund for hjelpa di i alle desse åra.