Frivilligsentralane i Nordfjord invitera til NORDFJORD FRIVILLIGFESTIVAL & SYKKELTUREN 2022

Har du, ditt lag/organisasjon lyst å vere med å feire frivillighetens år? Bli med på sykkelturen og Nordfjord frivilligfestival 22.juni. Les meir og sjå korleis du som frivillig/organisasjona/kommune eller næringsliv kan vere med!

I samband med Frivilligåret 2022 inviterer Norges Frivilligsentraler heile landet til å bli med på sykkeltur gjennom Noreg, frå 21. mai til 15. august 2022.
 
 22. juni 2022 kjem Sykkelturen til Nordfjord.
 
 Frivilligsentralane i Nettverk Nordfjord er no i gang med å planlegge denne dagen, og vi vil ha med breidda av frivillige i heile Nordfjord og alle Nordfjordkommunane i markeringa.
 
 
Eit bilete som inneheld kart

Automatisk generert skildring
 
 

22. – 28. juni er det Vestland som er i fokus. Det er vi her i Nordfjord som får æra av å starte markeringa i Vestland fylke 22. juni.

Sykkelruta og festivalen er lagt midt i Nordfjord.

Her skal det både syklast og arrangerast tidenes første? Nordfjord Frivilligfestival.


Vi håpa på å få med flest mogleg og mest mogleg av aktivitetar, tilbod og folk.
Her er ein muligheit å viser breidda i det vi har i Nordfjord av livskvaliteten som blir skapt av blant frivilligheita og engasjement i sitt lokalsamfunn.  
 

 Litt meir om sykkelturen : (10 km)
Etappe 33, sykkelruta i Nordfjord går frå
Klenkarberget Sommercamp, Hauane til Nordfjord frivilligfestival i Eksersisplassen på Nordfjordeid. (Malakoff).

Vi møter på Klenkarberget kl.12.00 . Etter litt aktivitetar, mingling og oppvarming  startar vi å sykle mot Nordfjordeid sentrum.(kl. 13.00)
Første stopp blir oppom Operahuset. Deretter syklar vi innom Hogatunet bufelleskap.
Vegen går vidare mot Stad rådhus.
Ca kl. 14.10 sykla og får vi i folketog igjennom sentrum og videre til tidenes første Nordfjord Frivilligfestival.
 
  Meir informasjon om ruta og klokkeslett finn du på 
www.sykkelturen2022.no

Eit bilete som inneheld kart

Automatisk generert skildring
 
 
Eit bilete som inneheld kart

Automatisk generert skildring


 
 Viktig med markering i alle deler av Nordfjord!   

Sjølv om det er fastlagt ei rute, så er det viktig at vi får markert dagen i heile Nordfjord - også dei stadane ruta ikkje går forbi.  
Har du /ditt lag /organisasjon eit arrangement /aktivitet som skjer 22.juni ein stad i Nordfjord?
Då kan de melde det inn til oss og vi legg det inn på parallelle arrangement på sykkelturen si nettside.
(parallelle arrangement er då ein anan plass i Nordfjord eller  før /etter sykkeltrua på Eid)

Nordfjord Frivilligfestival:

Vi vil markere og feire frivilligheita med ein festival der vi møtast og har det kjekt i lag. 
Her blir det tilrettelagt 
for å ha stand, utstilling, smakebitar av mat og aktivitetar og lett underholdning og feiring.

Vi oppfordrer til å være kreative og bli med å vise/skape aktivitet på festivalen.
Eksempel for å starte hjerneaktivitet:
hesteridning, fotball, bridge, sjakk, husflid, naturvern, bueskyting, hesteskokasting,
korps, kor, karate….

Dette er ein flott sjanse til å inspirere og bli inspirert😊
 

Lag og organisasjonar som melder seg på Nordfjord Frivilligfestival eller som melder inn og arrangera parallelle arrangement i Nordfjord, er med i trekkinga av ein pengepremie. (Parallelle arr. er enten ein aktivitet ein anna plass i Nordfjord den dagen eller som blir arrangert  før/etter sykkeltrua og Nordfjord Frivilligfestival på Eid)
 

Påmelding:
 
Ein kan melde seg på med kva som helst og der det passar best for din aktivitet/interesse. 
 
Ein kan til dømes:

  • Vere sjåfør eller passasjer på ein av Norges Frivilligsentral sine El syklar
  • Delta på Nordfjord frivilligfestival med stand, aktivitet, oppvisning, konsert +
  • Melde inn eit parallelt arrangement i regionen.

Har ein lyst å finne på noko langs ruta som de vil sykkelturen skal stoppe innom,  melder ein også inn dette.
 
Ein treng ikkje å melde seg på for å ville vere med på eigen sykkel, stå langs vegen å heie, vifte med flagg, eller gå i tog igjennom Eid sentrum, frå Stad Rådhus til festivalen.

 
F
ølg gjerne med på nettsida til sykkelturen kva arrangement og aktivitetar som blir til no framover:)
https://sykkelturen2022.no/admin/etappe?EtappeNr=33
 

Vil du vere med?
  
 
Ta kontakt. Sjå kontaktopplysningar nedst på sida.
 
 
 Kom gjerne med dine idear, innspel og
 tilbakemeldingar!  
 
Og ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål.


Dette vil bli ein unik oppleving og ein flott måte å synleggjere mangfaldet av aktivitet og tilbod i lokalsamfunna våre.  



Kvifor er Sykkelturen viktig?  
Målet er med sykkelturen å synleggjere kor viktig felleskap og einskildmennesket er som ressurs. Saman skal vi løfte fram frivilligheita, på hjul fra Nordkapp til Arendalsuka. Kvart fylke  har fått tildelt si markeringsveke. I skrivande stund er Frivilligsentralene og ei rekkje samarbeidsorganisasjoner i gang med å skape eit mangfald av aktivitetar på tvers av generasjonar, kulturar og samfunnslag, langs og parallelt med ruta.  

Frivilligåret 2022 
Frivilligåret 2022 skal vere med på å synliggjere frivillige organisasjonar og frivilligpolitikken i Norge. Målet er å bidra til auka deltaking, mangfald og synliggjering av merverdien som frivillig sektor bidreg med i samfunnet. Alle organisasjonar, lag, foreningar, frivilligsentralar, kommuner og andre samarbeidspartar vert inviterte til å synliggjere frivilligheita. Året vert markert frå nord til sør. For meir informasjon, sjå 
www.frivillighetensar.no    

Døme på ting ein kan arrangere parrallet: (Enten ein anan plass i Nordfjord eller før etter sykkeltrua på Eid)
Motiview, konsert eller anna aktivitet på eldresenter, bufelleskap, til besøks/pasientvenn m.m
Eigne sykkelturet om ein ikkje får komt seg til Eid.
Friluftsaktivitetar i samarbeid med BUA eller andre?


2024 © Stryn Frivilligsentral