Tome lokale skal fyllast med liv og leven!

Romma i Olden bygdetun (tidlegare helsetunet) fortenar meir enn å stå tome. Dette tenker elevar på Olden skule å gjere noko med, og inviterar alle som vil til å vere med å bidra!

Olden Helsetun vart bygd for snart 40 år sidan etter initiativ frå Olden Raude Kross, og har husa både tannlege og tannpleier, lege, helsestasjon, fysioterapeut, fotterapeut, frisør og bibliotek. Det var ein viktig funksjon og møteplass for alle i Olden, og bygdene rundt. Då kommunestyret vedtok å avslutte leigeforholda for dei kommunale tenestene i helsetunet for 11 år sidan, vart det få leigetakarar attende. Til slutt vart delen av huset med kontor kun nytta til lager. Olden Helsetun byta namn til Olden Bygdetun. I den delen av huset som eldrelaget har nytta har det vore jamlege middager, møter og utleige til diverse hendingar, men fleire ytra frustrasjon over at dei sentrumsnære nabolokala stod tome, og har kome med ulike innspel om kva ein kunne nytta romma til.

Med Stryn Frivillegsentral som bindeledd, vart det i haust gjort ei leigeavtale med Olden Raude Kross som er eigar av bygget, med formål om å fylle huset med liv igjen. Med seg på laget har frivillegsentralen både med seg yngre og eldre krefter som har gode idear for aktivitet i huset. Både bruktbutikk, matlaging og utlånsentral var idear som kom fram under kartlegging av interesser og ressursar blant elevane i faget "innsats for andre" på Olden skule.

No er elevane godt i gong med å rydde, måle og gjere istand eit av romma til utlånssentralen BUA. Tanken er at ein skal knytte til seg fleire ressurspersonar i lokalmiljøet, som ønskjer å bidra til aktivitet og utvikling av møteplassar i huset. 


 

2024 © Stryn Frivilligsentral