Natt til søndag stillar vi klokka igjen!

Søndag 30.03 kl 0200 stiller vi klokka til 0300

Sommartid er den delen av året der klokka blir stilt fram ein time i høve til normaltid. Fleire land har innført dette for å utnytte dei lyse delane av døgnet betre.

Sommartid vart først foreslått av Benjamin Franklin i eit essay så tidleg som i 1784, men vart ikkje teken i bruk før under første verdskrigen. Tyskland var først ute i 1916, og deretter følgde Storbritannia. Tanken var å nytte sommarmånadene betre ved å ha lys ein time ekstra om kvelden og samtidig redusere energibruken. Energisparing har hatt mindre betydning i industrialiserte land i nyare tid, men kan få ny aktualitet med dei utfordringane klimaskiftet fører med seg.

Sommartid vert hovudsakleg nytta i tempererte område i verda. I tropane varierer lengda på dag og natt så lite at ordninga ikkje er praktisk der.

2025 © Stryn Frivilligsentral