Kurs i bygging av Naturleikeplass

31. mai og 1.juni kjem Tor Egil Bagøien fra Friluftsakademiet til Stryn, og skal halde kurs i korleis lage naturleikeplassar og leikeapparat i natur.

Kurset er unikt og konseptet er utvikla av Friluftsakademiet på -90 tallet. Kurset tek utgangspunkt i boka deira «Lag ein naturleikeplass». (meir info finn de på heimesida til  Friluftsakademiet

Gjennom kurset byggjer vi naturleikeapparat med rettleiing i forhold til tryggleik, knutar og materialar. På slutten av dagen har vi laga ein naturleikeplass med enkle middel. 

Dette kurset passer blant anna for tilsette i barnehage, skule og SFO, speidarar, 4H.Det vil bli servert enkel lunsj begge dagane.

Ein kan vere med både en eller to dagar, meld på den dagen det passer best eller begge dagane. 


meld deg på her!



2025 © Stryn Frivilligsentral