Rosa sløyfe- løp i Utvik

18. oktober vert det første gong vert det arrangert rosa sløyfe løp i Utvik!

Velkomen til eit lavterskelløp, der ein kan velge både lengd og tempo på løpet sjølv. Du kan gå, springe eller trille. Det er ikkje noko fokus på kor langt eller fort ein spring, men å spre oppmerksomheit rundt brystkreftsaka!

I tillegg til å vise støtte, går halvparten av deltageravgifta rett til brystkreftsaka. Inntektene frå aksjonen går til forsking på brystkreft slik at fleire kan overleve og at fleire får best mogeleg livskvalitet etter brystkreftbehandling.
Det vert lagt opp til to ulike løyper – ei på ca. 3km og ei på ca. 6km. Begge har start og slutt ved Urdabrunn. Vil være litt motbakkar i begge løypene.

Gjerne meld deg på innan 1. oktober. Då rekk startnummer og medalje å bli sendt til oss, slik at du kan få det utdelt på løpsdagen. Om ikkje vil du få det tilsendt i etterkant.
Påmelding finn du her:
https://www.rosasloyfelopet.no/ild…/rosa-sloyfe-lop-utvik-2/


Alle under 18 får 100kr rabatt ved bruk av koden «UNG» ved påmelding!

2025 © Stryn Frivilligsentral