Sommarles er godt i gong! Bli med å få poeng og kule premiar!

Sommarles er for alle som går i 1. - 7. klasse, og for dei som skal byrje i 1. klasse frå hausten av. Dei kan bli med på Noreg sin største lesekampanje og målet er å motivere til så mykje lesing som mogeleg i løpet av ein lang sommarferie.

 Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
- Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og varer fra 1. juni til 31. august.
- Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
- I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!
- Sommarles.no er utvikla av Vestfold fylkesbibliotek og Snuti AS


Er du for gammal for sommarles?

I sommar kan alle som er for gamle for Sommarles vere med på ein eigen Sommarbingo på biblioteket. Vi veit at dei som les mest ofte er barn, og ved ungdomsalder og vaksenalder så les ein mindre enn før. Vaksne er ofte forbilde for barn, og vi veit også at foreldre les mindre for barna sin enn før. Samtidig er det trendar som viser at for mange unge vaksne er lesinga på veg oppover igjen. Forskarar koplar trenden til #booktok og andre boktrendar. Dette er positivt og vi på biblioteket vil gjerne hjelpe til med motivasjonen. Vi har difor laga til ein eigen Sommarbingo!

Ein får eitt lodd for kvar rekkje ein fullfører, og dersom ein fullfører heile skjemaet får ein 15 lodd. Vi trekker fine premiar blant alle deltakarane etter sommaren. Det er altså betre vinnarsjansar til fleire lodd ein har.

Ungdomar frå 8. klasse til 10. klasse kan, i tillegg til dei trekte premiane etter sommaren, komme og hente seg ein premie frå sommarlesskåpet for kvar fullførte rekkje. Her er det maks fem premiar, og ein hentar første premien frå same premiehylle som level 10, andre premien frå same premiehylle som level 20 osv.

Sommarbingoen er for deg som har lyst på ein litt ekstra motivasjon for å lese bøker gjennom sommaren! Legg vekk skjermen meir denne sommaren og les saman med barna som er med på Sommarles!


Les meir på https://strynbibliotek.no/ og last ned skjema for sommarbingoen

 

2025 © Stryn Frivilligsentral