Kulturdag på Nordsida

Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!

Bli med inn i eit musikalsk landskap der drøymande melodiar og ektefølte tekstar smeltar saman. Med si varme og klåre stemme tek Line deg med på ei reise fylt av stemning, nærleik og musikalsk magi – der havet, fjella og livet på Vestlandet spelar hovudroller i songane.

Konserten er ein del av kulturdagen på Sagedammen, ein dag der lokalmiljøet samlast rundt kunst, mat, aktivitetar og gode opplevingar for store og små. Ta med deg familien, finn deg ein plass i graset og bli med på ein dag fylt av varme, glede og levande musikk i eit av dei vakraste konsertområda i regionen.

Programmet til kulturdagen vert oppdatert, HER kan du kjøpe billettar til konserten 

Pris for konsert:
Vaksen: 325,-
Barn og ungdom under 20 år: gratis

Velkomen til ein magisk dag ved Sagedammen!

2025 © Stryn Frivilligsentral