No kan endå fleire reise med bestillingsbuss!

Frå 23. juni kjem nye bestillingstilbod i delar av Nordfjord. Her finn du oversikt over kva tilbod Stryn får med Skyss Bestilling.

Skyss Bestilling er bestillingsbussar som køyrer når nokon har bestilt dei. Tilbodet er for alle, og det er godt tilrettelagt for personar med funksjonsvariasjonar. Du kan for eksempel bestille ein tur dersom du skal på butikken, på trening, til legen eller på besøk.

Frå 23. juni blir tilbodet med bestillingsbuss betre og tilgjengeleg for fleire. 

Skyss Bestilling - bussen kjem når det passar for deg

Du bestiller bussen til det tidspunktet og frå den staden som passar for deg. Bussen hentar deg der du er, og køyrer deg dit du skal. Tilbodet gjeld i eit bestemt nærområde og innanfor ein fast tidsperiode.  

Kvar og når kan du reise?
Bussen køyrer i området fråBergsida og Vinsrygg i vest, Hoganei nord, Loen i aust og Olden i sør.

På fredagar køyrer bussen i eit litt større område. Då kan du også reise frå Hopland og Markane i vest.Sjå detaljert kart i appen Skyss Bestilling.

Du kan reise

  • måndag-fredag mellom kl. 09.00 og 13.30.

Bussen køyrer ikkje på heilagdagar.

Bestillingsfrist
Du kan bestille bussen så tidleg som sju dagar i forvegen, og så seint som 30 minutt før avreise. Dersom fleire skal reise på same tid som deg, kan det bli inntil 15 minutt å vente. Du får informasjon i appen eller på tekstmelding om nøyaktig når bussen kjem. 

Dersom du ønsker å reise på faste dagar, kan du bestille fleire turar for inntil ein månad fram i tid.

Skyss Bestilling køyrer innanfor dei markerte områda.

Skyss Bestilling med faste ruter på faste dagar

Bussen køyrer langs ei fast rute og tek små avstikkarar for å hente deg der du er, og køyre deg dit du skal. Ruta går på faste dagar og tidspunkt, men berre dersom nokon har bestilt. Tilbodet er ope for alle, og det er godt tilrettelagt for personar med funksjonsvariasjonar. 

RuterDag ruta gårKlokkeslett
Oldedalen–OldenTorsdagAnkomst Olden ca. kl. 10.30
Olden–OldedalenTorsdagAvreise Olden kl. 13.00

Bestillingsfristener to timar før avreise.

Trygge heimreiser med Skyss Bestilling

Vikøyrerlangs faste ruter på kveld og natt, og tek småavstikkararfor åkøyredeg så nært sommoglegdit du skal.Tilbodet er ope for alle. Er det ikkje plass til alle, vil dei unge bli prioritert.  

RuterDag ruta gårAvreise kl.
Stryn–HoplandSøndag02.30
Stryn–HjelledalenSøndag02.30
Loen–LodalenSøndag02.30

Bestillingsfristener kl. 20.00 på laurdag.

Du kan bestille på ulike måtar:

Når du har bestilt vil du få informasjon om nøyaktig når du blir henta. Dersom mange skal reise samtidig, kan det blir litt ventetid. 

Dersom du ønsker å reise på faste dagar, kan du bestille fleire turar for inntil ein månad fram i tid.

Billett og pris

Du kjøper billett i appen Skyss Billett, om bord med kontantar eller bankkort, på SMS eller i nettbutikken. Skyss Bestilling har vanleg billettpris, og du kan bruke periodebillett dersom du har det. 

Skal du ha med barnevogn eller rullestol, gjeld dei same reglane som på andre bussar.Her finn du nyttig informasjon om reiser med barnevogn og rullestol

Lurer du på noko?

Du kan kontakte oss måndag til fredag mellom klokka 08.00 og 17.00. Ring oss på 55 55 90 99, så hjelper vi deg.


Sjå Skyss sine nettsider her

2025 © Stryn Frivilligsentral