Gratulere med dagen- 8mai!

Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.

8. mai 1945 vart Noreg fritt etter fem års okkupasjon under andre verdskrig. Sidan har vi feira frigjeringsdagen kvart år. Vi brukar denne dagen til å glede oss over eit fritt og demokratisk Noreg og samtidig hylle alle dei– motstandsfolk, krigsseglarar og sivile– som tok opp kampen mot okkupantene.

Sidan 1945 har over 100 000 nordmenn tenestegjort i rundt hundre internasjonale operasjonar for fred og stabilitet verda over. I 2011 etablerte regjeringa veterandagen. Denne vart samkjørt med frigjeringsdagen, som fekk namnet frigjerings- og veterandagen. 

I år markerar Stryn kommune veterandagen med arrangement i Oppstryn og Stryn kulturhus: 

Oppstryn kyrkje kl 17:00

    • Markering ved minnesteinen over dei falne i krigen
    • Musikalsk innslag ved Anders Viktor Kvile
    • Kransenedlegging
        ved leiar NVIO Sogn og Fjordane Jan Kai Torvanger
    • Tale ved varaordførar Sonja Øvre-Flo
    • Musikalsk innslag
 

Stryn kulturhus kl 18:00-20:00

Velkomen ved Stryn kommune
    • Innlegg om Rasmus Hatledal, sjef for Generalstaben 9. april
         ved Inge Fænn
    • Kulturelt innslag
    • Presentasjon av Veteranplanen ved Nils Petter Hauge
    • Konferansier: Nils Petter Hauge

• Mingling, kake og kaffi i foajeen kl 19.00

    • Gratis arrangement i Storsalen
    • Alle velkomne!
    • Veteranar med familiar er særskilt inviterte


8.mai er også den internasjonale Røde Kors dagen, etter grunnleggaren Henry Dunant sin fødselsdag.  

2024 © Stryn Frivilligsentral