Vårryddeaksjon 22.-28. april

Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!

Vi håpar lag, organisasjonar og enkeltpersonar ynskjer å gjere ein innsats for å halde sine nærområde fri for avfall.

Grendelag og plassering av container:

Utvik: Kai ved Utvik Marina
Innvik: Parkering ved Innvik Fruktlager
Olden: Sunde Auto
Oldedalen: Brenja Samdrift
Loen: Gamlebrua ved Lofossen
Lodalen: Infotavle Bødal
Stryn sentrum: Parkering ved Strynehallen
Storesunde: Skulebygget Storesunde
Blakset/Fjelli: Sagedammen
Randabygda: Parkering ved skulebygget
Oppstryn/Fosnes: Parkering ved kyrkja
Hjelledalen: Buda

Hent gjerne hanskar og sekkar på kommunesenteret, Tonningsgata 4.
 

Lukke til med eit viktig arbeid!

Kontaktperson i Stryn kommune: eivind.evebo@stryn.kommune.no

 

2024 © Stryn Frivilligsentral